Knarvik sentrum - skråfoto | Foto: Lindås kommune

Knarvik sentrum

Områdeplan

Planforslaget legg til rette for at Knarvik skal utviklast med bymessige strukturar og kvalitetar. Gjennom ein heilskapleg plan for arealbruk og krav til utforming av bygg og uteområde er målet at sentrum over tid skal bli ein attraktiv småby der dei gåande har ei klar prioritering.

Planen legg vekt på at Knarvik skal ha god tilrettelegging for handel og service, ein funksjonell kollektivterminal, effektive parkeringsløysingar og gode byrom for aktivitet og sosialt samvære.

Planområdet er på ca 390 daa, derav 220 daa byggjeområde. Arealbruken i planområdet er i hovudsak sentrumsformål. Planforslaget legg til rette for ca 800 nye bustader.

Løsning av oppdraget

Planarbeidet har vore delt i 5 fasar:

  • Gjennomgang av plangrunnlag, tidlegare analysar og idéforslag
  • Arealprogrammering
  • Konsekvensvurdering av alternative hovudgrep for E39
  • Skisseforslag med alternative lokaliseringar av kollektivterminal
  • Utarbeiding av planforslag

Styringsgruppa (politisk) har delteke aktivt gjennom heile planprosessen. Arbeidsgruppa med representantar frå kommune, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune. Grunneigarar og referansegruppe har også medverka i planprosessen.

Våre tjenester

  • Konsekvensvurdering av alternativ kryssing av E39
  • Lokalisering av kollektivterminal
  • Parkeringsløysingar
  • Gjennomføring av planverkstad
  • Utarbeiding av plankart, føresegner og planomtale