1/2

Fotoillustrasjon sentralplassen ved kyrkja

2/2

Planforslag til offentleg høyring hausten 2010

Lonelva – Juvikvarden

Planområdet ligg sentralt i Knarvik omgitt av bustadområde, naturområde og sentrumsfunksjonar. Området inneheld barnehagar, skular, kyrkje, idrettsanlegg og rådhus.

I planarbeidet har det vore vektlagt å styrke viktige ferdselsårer for gåande og syklande for å redusere behovet for personbilkjøring lokalt. Saman med utvikling av eit kompakt sentrum med eit mangfald av attraktive tilbod og tenester både dag og kveld vil det tilføre tettstaden bymessige kvalitetar. I veven av bygde, grøne og sosiale strukturar blir stadidentiteten i Knarvik vidareutvikla.

Løsning av oppdraget

  • Planarbeidet er utført av ei fleirfagleg arbeidsgruppe med arkitekt, arealplanleggjar, landskapsarkitekt, vegplanleggjar og DAK-teiknar.
  • Alle fag har delteke på synfaringar
  • Innleiande arealanalyse for å avklare lokalisering av sentrale offentlege funksjonar.
  • Planen er utarbeidd i nært samarbeid med kommunen som oppdragsgjevar.

Våre tjenester

  • Arealanalyse
  • Plankart, føresegner, planomtale
  • Landskapsplanar
  • Vegprosjektering