Illustrasjon: Multiconsult

Førdepakken, E39 Fjellvegen – Hafstadvegen

Målet med Førdepakken er å sikra ei miljøvennleg og stabil trafikksituasjon i Førde, samt å legge til rette for fortetting og byutvikling. I reguleringsplanen for E39 Fjellvegen – Hafstadvegen er målet å leggje til rette for gåande og syklande frå rundkøyringa ved Storehagen bru til rundkøyringa på Hafstad, samt utbetring av veg og kryss, og sanering av avkøyrsler langs E39. Reguleringsplanen skal bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Prosjektet tar for seg utbetring av kryss, og sanering av avkøyrsler langs E39.

LØSNING AV OPPDRAG

Før arbeidet med reguleringsplanen vart igangsett vart det utarbeidd eit forprosjekt som skulle danne grunnlaget for reguleringsplanarbeidet. Mange ulike alternativ og konsept vart vurdert. Multiconsult arrangerte mellom anna ein idédugnad der ein kom fram til tre konsept som vart presentert for Statens vegvesen og Førde kommune. Konsepta var 1) Bilbyen, 2) Sykkelbyen og 3) Urban by. Multiconsult utarbeidde ein rapport for dei ulike løysingane, som var grunnlaget for eit møte i planfagleg råd. Det vart da bestemt at løysing for gåande og syklande skulle vere i Hafstadvegen, med kopling til eksisterande trasé langs E39.

I Hafstadvegen er det regulert for ei sentrumsgate med rom for møblering, beplanting og opphald. Det er regulert for torg og utvida gangareal i gata. Høge kvalitetar og funksjonell utforming av gater og byrom kan bidra til å gjere denne delen av sentrum meir attraktiv og skape meir byliv. Utforminga av Hafstadvegen sett i kombinasjon med effektive transportårer for mjuke trafikantar i sykkelveg og fortau kan trekkje fleire gåande og syklande til og gjennom gata. Området har attraktive målpunkt som er sikra gode omgjevnader og betre forhold for byliv.

VÅRE TJENESTER

  • Reguleringsplan
  • Mulighetsstudie
  • Løsningsmuligheter