Varsel om oppstart av planarbeid med konsekvensutredning for Langelandskogen og delar av Frekhaug nord i Meland kommune

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-8 og § 12-9 vert det varsla oppstart av planarbeidet med konsekvensutgreiing for området Langelandskogen og delar av Frekhaug nord i Meland kommune. Forslag til planprogram er lagt ut til høyring og offentlig ettersyn.

Planarbeidet skal utførast som eit offentleg-privat samarbeid mellom Meland kommune og Vest-land eiendom AS. Meland kommune er planmynde og Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Føremålet med planarbeidet

Mesteparten av Langelandskogen er sett av som utbyggingsområde i den gjeldande kommuneplanen sin arealdel (felt BT_2). Føremålet med planarbeidet og konsekvensutgreiing er å legge til rette for utvikling av Langelandskogen og delar av Frekhaug senter med service- og tenesteytande funksjonar, bustader, næring, og grøntstruktur. Langelandskogen, Lonena, Fossesjøen og Sagstad skal gjennom tilrettelegging i områdeplanen koplas saman og styrke området sin tettstadsidentitet. Områdeplanen skal legge til rette for fylgjande byggeformål: Ungdomskule/symjehall, omsorgsbustader, barnehage, bustader og næring/kontor. Kyrkje/kulturhus skal også vurderast som en del av planarbeidet.

Planområdet og varslingsgrense

Foreslått planområde er som vist i kartet under og er 322 dekar stort. Planområdet ligg nord og nordvest for Frekhaug sentrum og strekk seg frå Sagstadvegen i sør til Fossesjøen i nord. Området omfattar jordbruksareala og tunet på gnr. 24/bnr. 1, heile eigedom gnr. 24/bnr. 141 med skog og utmark, nordaustre del av gnr. 24 bnr. 4 og med skog og utmark, gnr. 25 bnr. 140 og bustadeigedomane nord for dette og fram til vegen, Fosse. Dagens kollektivterminal med parkeringsplass samt grønt- og myrområdet mellom kollektivterminalen og Lonerenen er òg med i planområdet. Varslingsgrensa for planen fylgjer i hovudsak eigedomsgrensene og tilstøytande vegar. Varslinga av planområdet er tilpassa den pågåande reguleringsplan for fv. 564 Frekhaugkrysset, inkl. utbetring av fv. 244.

 

Planprogram

Planprogrammet omfattar hovudproblemstillingane knytt til planarbeidet, oversyn over viktige utgreiingar som skal utførast som del av planarbeidet, kva tema som skal konsekvensutgreiast, prosessar for medverknad og plan for vidare framdrift av planarbeidet.

Innspel til planarbeidet eller merknadar til planprogram sendes innan 30. januar 2018:

Multiconsult Norge AS
Seksjon for Arealplan og utredning/Landskap
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun
Att. v/ Héctor Piña REF. 10200755-1
E-post: hector.pina.barrios@multiconsult.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Meland kommune, då dette vert ivareteke samla av Multiconsult. Alle mottekne merknader vert sendt kommunen.