Varsel om oppstart av planarbeid Oksneset

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 blir det med dette varsla om at det vert sett i gang detaljreguleringsplanarbeid Oksneset i Øygarden kommune. Formålet med planarbeidet er å endre gjeldande reguleringsplan for Oksneset (PlanID20080004), slik at detaljplanen legg til rette for etablering av eit landbasert oppdrettsanlegg. Planområdet ligg ca. 5,5 km nord for Rong sentrum i Øygarden kommune. Forslagstillar er Blom AS og utførande konsulent er Multiconsult Norge AS.

Intensjonen med reguleringsplanen for Oksneset er vidareutvikling av oppdrettsverksemda, eller ny verksemd, som ikkje kjem i konflikt med oppdrettsnæringa eller anna næring og bruk av området.
Fyrste del av tilrettelegginga av område er ein periode med steinuttak og tilrettelegging av næringstomter. Gjeldande reguleringsplan sitt areal til kai er planlagt vidareført i endra reguleringsplan.
Endringa av reguleringsplanen skal også leggje til rette for at det kan etablerast verksemd som kan ta imot avfall frå fiskeanlegget for matlarveproduksjon.

· Stipla kvit line illustrerer planlagt endring av tilkomstveg.
· Områda Felt B, C, D vert planlagt til etablering av oppdrettsanlegg med ny planeringshøgd.
· Parkbelte mellom område Felt B og Felt D er planlagt endra til næringsområde.
· Parkbelte mot vest og sjø, er planlagt oppretthalde

Planarbeidet er vurdert til å ikkje krevje konsekvensutgreiing viser til referat frå oppstartsmøte og vedtak i UDS.

Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Øygarden kommune si nettside.

Frist for uttale til planarbeidet er set til 16. august 2019.

Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult:
v/Toril Amundsen
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun

Eller e-post: toril.amundsen@multiconsult.no

Spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til:
Toril Amundsen, tlf. 55 62 33 75