Varsel om oppstart av planarbeid Langheiane – felt b6, gnr. 188 bnr. 3 m.fl.

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-1 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetting av privat detaljregulering for Langheiane, felt B6, gnr. 188, bnr. 3 m.fl. i Alver kommune.

Forslagsstiller er Vestbo BBL. Utførande konsulent er Multiconsult Norge AS i samarbeid med Link Arkitektur AS. Planområdet er avgrensa som vist i kartet under, og er ca. 33,7 daa.

Planområdet er lokalisert lengst nord i Langheiane og ligg i innfallsporten til markaområdet, rundt 250 meter nord for Lonsvegen og 1,5 km. nord for Knarvik senter. Planområdet ligg rett nord og vest for etablert bygningsstruktur og grensar i sør til vegen Langheiane og regulert friområde. Området sine typologiar består av ein kombinasjon av blokkar og einebustader med innslag av rekkjehus over 2 -3 etasjar. I nærleiken til planområdet har det i nyare tid blitt bygd bustadstrukturar med 3-4 etasjar og på det meste 5 etasjar, bygga består av eit mangfald av leilegheitsstorleikar med underliggjande parkering. Planområdet ligg tett opp til markagrensa som er eit område med langstrakte heier med høgdedrag i nord-sør retning. Mellom høgdedraga er det fuktige myrområde og bekkedrag som til dels er lagt i kulvert gjennom utbyggingsområdet. Vegetasjonen på høgdedraga er sårbar for slitasje, og består stort sett av furu, bjørk, lyng, einer og gras.

I gjeldande kommunedelplan (KDP) for Lindås – Alversund (2019-2031) er området vist som B6 og sett av til «Framtidig bustadbygg», «Grønstruktur», «Noverande bustadbygg» og «køyreveg». Deler av planområdet (Langheianevegen) omfattast av gul støysone.

Formål med planarbeidet
Hovudføremålet med planarbeidet er å utvikle bustader med tilhøyrande uteopphaldsareal og nødvendig infrastruktur i tråd med kommunedelplanen. Det vert lagt opp til ei skånsam tilrettelegging av bustadområdet på dei flataste partia, der grøne naturområde med høgast verdi vert bevart og der koplinga til markaområdet vert sikra / oppgradert for ålmenta. I tillegg vert det lagt opp til ei oppgradering av eksisterande friområde i sør-vest langs B6, med etablering av møteplassar for eksisterande bebuarar og kopling og oppgradering av stisystem. Bustadtypar vil vere konsentrert småhusbustader og mindre leilegheitsbygg. Det er utarbeida stadanalyse og moglegheitsstudie til oppstart som viser foreløpig konsept.

Planavgrensing
Varsla planområde utgjer totalt 33,7 daa, og omfattar eigedomane 188/808, 188/743, 188/793, 188/797 og 188/768. Plangrensa er satt i høve felt B6 i kommunedelplanen, men inkluderer også vegen Langheiane og krysset med Lonsvegen. Planområdet inkluderer også delar av regulert friområde rett sør for B6, for å sikra dette arealet til friområde for ålmenta og samstundes kunne oppgradere det. Endeleg storleik og avgrensing av planområdet vert avklart i planarbeidet.

KU-vurdering
Alver kommune som ansvarleg mynde har konkludert med at tiltaket ikkje er konsekvensutgreiingspliktig i høve Forskrift om konsekvensutgreiingar.

Merknader til oppstartsmeldinga
Fullstendige varseldokument kan lesast på Multiconsults nettside: http://www.multiconsult.no/aktuelt/kunngjoringer/
Der ligg stadanalyse, moglegheitsstudie, samt dette varslingsbrevet, planinitiativ, referat frå oppstartsmøte og kart med varsla planområde i stort format.

Merknader til planarbeidet kan sendast skriftleg innan 27.02.2022 til:
E-post: eller Multiconsult Norge AS
torunn.asheim@multiconsult.no v/ Torunn Åsheim
Seksjon for areal og utredning
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun

Det er ikkje nødvendig å sende kopi av merknader til Alver kommune, då dette blir ivaretatt samla av Multiconsult. Alle mottatte dokument, merknader og liknande blir sendt kommunen saman med planframlegget.

Ved spørsmål kan det takast kontakt med Torunn Åsheim på e-post torunn.asheim@multiconsult.no, eller tlf.: 922 19 492.