Multiconsult er rådgjevar ved riving og bygging av eit bygg for mellomtrinn ved Tysnes skule.

Blir totalrådgjevar for nytt skulebygg på Tysnes

Rett før jul skreiv Leigland Bygg totalentreprisekontrakt med Tysnes kommune på riving og bygging av eit bygg for mellomtrinn ved Tysnes skule. Multiconsult er no valt som totalrådgjevar i prosjektet.

21. januar 2020

Prosjektet på Tysnes skule i Vestland fylke går ut på å riva eksisterande bygg for mellomtrinn og gymnastikksal, byggja nytt mellomtrinn på ca. 2100 m2 og byggja om ca. 250 m2 i eksisterande bygg. Prosjektet har miljømål om å oppnå energikarakter A, og det skal byggjast eit flott utomhusområde. Heile totalentreprisekontrakten har ein verdi på om lag 70 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift for Leigland Bygg.

– Prosjektet på Tysnes skule passer godt inn i Multiconsult sin prosjektportefølje. Verksemda vert totalrådgjevar og skal prosjektera alle fagområde frå kontoret på Stord. Fordelen med å samla alle rådgjevarfag i eitt firma er færre grensesnitt og ansvarsforhold. Kommunikasjon og samhandling mellom fagområda blir enklare med alle prosjektmedarbeidarane samla i same lokale, men digital samhandling opnar også for effektivt å kunna nytta ressursar frå andre delar av Multiconsult, seier Steinar Kjerpeseth, seksjonsleiar i Multiconsult på Stord.

Grøn gjennomføring

Alle prosjekteringsmøte vil bli gjennomført på Stord for å ivareta ambisjonen om grøn gjennomføring av prosjektet. Reduksjon av unødvendige reiser er eitt av fleire bidrag til dette.

I prosjektet vil visualisering gjennom Virtual Reality-rommet på Stord bli brukt aktivt til å gjennomføra fagvise modellgjennomgangar og tverrfaglege kollisjonskontrollar. Stord-kontoret bygde VR-rommet i 2018, og har så langt gjort mange gode erfaringar knytt til tidleg å luka ut feil og manglar med bruk av VR i prosjektering.

Les meir om prosjektet.