Varsel om oppstart av reguleringsplan for Lyseparken aust

Ombruksmassar

I henhold til Plan- og bygningslovens § 12-8 varsler Multiconsult, på vegne av Bjørnafjorden kommune, oppstart av planarbeid for detaljregulering av Lyseparken aust, ombruksmassar, PlanID 20260200.
Publisert: 26.06.2026
Kunngjøring

Varselet omfatter delar av gnr./bnr. 8/22, 18/45,  m.fl. Adresse Halhjemsvegen 2 / Kvernatjørna, 5212 Søfteland i Bjørnafjorden kommune.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit ombruksområde for handtering av overskotsmassar, ny innfartsparkering, kvileplass for tungtransport og areal for snødeponi. Planen skal bidra til meir ressurseffektiv massehandtering ved å nytte overskotsmassar frå kommunale prosjekt. Det er venta store mengder overskotsmassar frå planlagt parkeringsanlegg i fjell på Osøyro, og det er behov for eigna areal til mottak og gjenbruk av desse massane lokalt. Samstundes er kapasiteten på eksisterande innfartsparkering utilstrekkeleg, og det manglar tilrettelagde kvileplassar for tungtransport i regionen. Planen legg til rette for utfylling av delar av Kvernatjørna for å etablere nye areal til parkering, transportfunksjonar og massehandtering. Tiltaket vil innebere store terrenginngrep og endringar i eksisterande natur- og landskapsforhold.

Det vises til vedlagt dokumentasjon for mer informasjon om planarbeidet:

Eventuelle kommentarar/ merknader til det igangsette planarbeidet sendes skriftleg, frist for innspel er satt til 11. september 2026.

Post: Multiconsult Norge AS, att: Torunn Åsheim,

Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller

E-post: oppstartLyseparken@multiconsult.no

Spørsmål om planarbeid kan rettast til Torunn Åsheim, tlf. 92 2194 92.