Varsling av planoppstart – Detaljregulering for landbasert oppdrett Samnøy – Plan-ID 1241 201902

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 blir det med dette varsla om at det vert sett i gang detaljreguleringsplanarbeid for del av Samnøy industriområde i Fusa kommune. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for landbasert oppdrett og framtidig biogassanlegg. Området ligg innanfor gjeldande områdeplan Samnøy industriområde med arealplan-ID 1241 201705, sjå figur under til venstre. Planområdet ligg på Samnøy, ca. 7,5 km nordvest for Eikelandsosen i Fusa kommune. Forslagstillar er Bolaks AS og utførande konsulent er Multiconsult Norge AS.

Bolaks AS ynsker å sikre seg eit område for landbasert oppdrett i Fusa kommune. Planarbeidet skal legge til rette for oppdrettsanlegg på land innanfor delfelt BKB6 og SK4 i gjeldande områdeplan for Samnøy industriområde. Forslagstillar ynskjer også å etablere biogassanlegg innanfor industriområdet i tilknyting til kai, hamn og BKB6. Behov for areal til biogassanlegg vert avklart i planprosessen og ein varslar difor oppstart for område BKB3, BKB4 og BKB5 med tilhøyrande veg- og infrastruktur. Behov for å sjå på felles avkøyrsle og utforming av kai i tilknyting til framtidig tømmerkai innanfor SHA og SK3 gjer at ein også tar desse områda med i oppstartsvarsel. Varsla område er regulert til industri/lager, hamn, kai, veg og LNF i gjeldande områdeplan frå 2018. Varslingsområdet er på ca. 208 daa, sjå figur under. Endeleg planavgrensing vil bli fastsett i løpet av reguleringsplanarbeidet.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje krevje konsekvensutgreiing då området er konsekvensutgreidd i områdeplanen. Området skal regulerast i tråd med områdeplanen, men det kan bli mindre justeringar av formålsgrenser og byggehøgder.

Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Fusa kommune si nettside.

Frist for uttale til planarbeidet er set til 09. august 2019.

Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult
v/Vigdis Berge
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun

Eller e-post: vigdis.berge@multiconsult.no

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:
Vigdis Berge

vigdis.berge@multiconsult.no

Eller

Bjørg Mette Holmefjord Antonsen

bjorg@bolaks.no