Varsel om oppstart av planarbeid Kollsnes industriområde

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan «Kollsnes Industriområde» i Øygarden kommune. Detaljreguleringa sitt hovudformål å revidere gjeldande reguleringsplan for Kollsnes industriområde, ID19910001. Arealformål vil samsvare med dagens arealbruk og omfatte dagens industriområde. Varslingsområdet utgjer til saman omlag 2988 dekar. Utval for Drift og Samfunnsutvikling vedtok å gje oppstartsløyve i møte 14.05.2019, saksnr. 057/19. Forslagstillar er Equinor, Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Reguleringsarbeidet har som mål å inkorporere alle endringar i Kollsnes industriområde som er gjort gjennom enkeltvedtak i kommunestyre og utval i Øygarden kommune. Dette gjeld og tiltak som er godkjende etter anna lovverk, t.d. energilova og petroleumslova. Sentralt i prosessen vil og vere å oppdatere planverket etter ny plan- og bygningslov (2008) og føringar frå kommune, fylke og stat.
Det har vore søkt om og er gjeve fleire dispensasjonar frå gjeldande reguleringsplan for tiltak innanfor planområdet.

Vedtaka som er fatta i kommunestyret (KS), Faste utval for plansaker (FUP), Hovudutval for Bygg- og anlegg (HBA):

  • KS sak 136/94 – Godkjenning av reguleringsplan for kondensatleidning Kollsnes – Sture
  • Det skal som fylgje av godkjend reguleringsplan visast ei faresone langs kondensatleidningen. Faresona skal ha ei samla breidd på 12 meter (6 meter til kvar side av leidningen).
  • KS sak 067/97 – Reguleringsplan Gasskraftverk Kollsnes Reguleringsendring for Naturkraft AS sin plan forgasskraftverk på Kollsnes, basert på gass frå Trollfeltet.
  • KS sak 059/98 – Reguleringsendring for Gassrøyrledning frå Kollsnes til Osundet Regulering av ein 60 m brei korridor for gassrøyrleidning mellom Troll Kollsnes og Osundet, samt endring av tekst i føresegnene.
  • KS sak 115/98 – godkjenning av reguleringsplan for Vestprosess – Kollsnes til Sture Reguleringsplanen medfører at faresona knytt til kondensatleidning i reguleringsplan for Kollsnes skal ha ei sikringssone på 50 m
  • HBA sak 158/98 – Reguleringsendring for gassrøyrleidning Kollsnes – Kollsnes næringspark;
  • Justering av regulert sikringssone (jf KS 059/98), då traseen er trekt lenger mot nord.
  • FUP040/02 – Reguleringsendring Kollsnes, pga Kvitebjørn Reguleringsendringa medfører ei faresone med radius 100 meter frå opning av landfallstunellen på Storholmen og ei 25 tryggleikssone til kvar side av gassrøyrleidningen fram til regulert industriområde på land.
  • KS070/07 – Godkjenning av reguleringsplan for delstrekning gassrøyrleidning, Kollsnes – Mongstad
  • Reguleringsplanen medfører at sikringssone langs gassrøyrleidning mellom Kollsnes og Næringsparkern vert lagt inn i denne reguleringsplanen.50 meter sikringssone til kvar side av gassrøyrledningen.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje krevje konsekvensutgreiing viser til vedtak i UDS. Ny reguleringsplan for Kollsnes medfører at gjeldande reguleringsplan planID19910001 og reguleringsplan for Gasskraftverk planID19970002 vert oppheva.
Områda som tidlegare var del av reguleringsplanen for Kollsnes er i vareteke i reguleringsplanar for områda eller i gjeldande kommuneplan (2016) sin arealbruk.

Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Øygarden kommune si nettside.

Frist for uttale til planarbeidet er set til 16. august 2019.

Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult:
v/Toril Amundsen
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun

Eller e-post: toril.amundsen@multiconsult.no

Spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til:
Toril Amundsen, tlf. 55 62 33 75