Oppstart av reguleringsplanarbeid for eigedom gnr. 6 bnr. 1, mfl. på Vevletveit i Osterøy kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for eigedom gnr. 6 bnr. 1, mfl. på Vevletveit i Osterøy kommune. Tiltakshavar er Fotlandsvåg maskinentreprenør AS og forslagstillar er Multiconsult.

Formålet med planarbeidet er å regulere til massetak med detaljert plan for tilbakeføring av landskap til landbruksformål i tråd med kommuneplan. Det har vore drive massetak i gjeldande område sidan 1989. Planområdet er ca. 30 da.

Området er avsett til råstoffutvinning i arealdelen til kommuneplanen for Osterøy 2011-2023. Det er også avsett til råstoffutvinning M1 i kommunedelplan Hauge frå 2006. Planen vil halde seg innanfor dei formålsgrenser som er gitt i kommune(del)plan. Planarbeidet er vurdert til å ikkje krevje konsekvensutgreiing.

Naboar, grunneigarar og overordna mynde blir varsla direkte. Eventuelle merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg innan 15 august 2016. til Multiconsult /v Lise Marie Laskemoen, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller e-post lise.marie.laskemoen@multiconsult.no

Spørsmål vedkommande reguleringsarbeidet kan stillast til: Multiconsult /v Lise Marie Laskemoen. Tlf. 55623331