Reguleringsplan, Husnes, Sentrum, regionalt senter, tettsted, multiconsult

Husnes - ortofot | Foto: Kvinnherad kommune

Husnes sentrum

Detaljreguleringsplan

Husnes er ein nyare tettstad med eit sentrum som vart utbygd på 70 og 80-talet, og kommunen har ambisjonar om å utvikle Husnes til eit regionalt senter for handel og service.

Planen har eit overordna mål om ei bymessig utbygging som legg til rette for etablering av nye verksemder og sentrumsbustader. Sentrumsformål opnar for eit mangfald av funksjonar, meir konsentrert utbygging, gjennomgåande grønstruktur, og gater og byrom med høg kvalitet og aktive fasadar skal gjera Husnes attraktiv å bu i og besøke.

I planforslaget er det avsett 162 daa til byggjeområde og 25 daa til friområde, nærmiljøanlegg og turvegar. Bystrukturen og grønstruktur skal vevast saman og sikra naturlege samanhengar til kringliggjande bustadområde.

Løsning av oppdraget

Planforslaget er utarbeidd i tett dialog med ei styringsgruppe sett saman av fagpersonar og politikarar i kommunen, grunneigarar og representantar frå næringsliv.

Alternative prinsippløysingar, kvalitetsmål og planskisser er drøfta i planprosessen.

Det har vore særleg fokus på grønstruktur og byggjestruktur i ein tettstad som ønskjer utvikling av bymessige kvalitetar.

Våre tjenester

  • Vurdering og rådgjeving om arealbruk, byggjestruktur, grønstruktur, veg- og trafikksystem
  • Utarbeiding av plankart, føresegner og planomtale