Varsel om oppstart av reguleringsplan – omlegging av Fv. 48 Løfallstrand til kote 70

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt oppstart av arbeid med reguleringsplan «Detaljregulering for omlegging av Fv 48 Løfallstrand til kote 70» for eigedommane gnr/bnr. 80/1 m.fl. i Kvinnherad kommune.

Tiltakshavar er Kvinnherad kommune og utførande konsulent er Multiconsult ASA.

Formålet med planen er å leggja til rette for omlegging av Fv 48 gjennom Løfallstrand til kote 70. Planen byggjer på tidlegare vedteken kommunedelplan. Løysingar for kryss og skråningar er ikkje avklart, og plangrensa er soleis noko utvida for å ta omsyn til dette. Vedteken kommunedelplan finn ein her.

Planforslaget utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing, då det er utarbeida planprogram med konsekvensutgreiing i kommunedelplanen for strekninga.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

Eventuelle kommentarar/ merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult ASA v/ Øyvind Skaar, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord eller e-post oyvind.skaar@multiconsult.no innan 31.05.2017.