Varsel om oppstart av planarbeid. Detaljregulering fv. 564 Frekhaugkrysset, inkl. utbetring av fv. 244.

Etter plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla at Statens vegvesen og vegeigar Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Meland kommune startar arbeid med: Detaljregulering fv. 564 Frekhaugkrysset, inkl. utbetring av fv. 244, plan ID 1256 2017 0003.

Reguleringsplanen skal leggje til rette for oppgradering av fv. 564 Frekhaugkrysset til rundkøyring ved Rosselandsvegen med tilgrensande areal, samt etablering av gang- og sykkeltilbod og utviding av vegen langs fv. 244 Sagstadvegen på strekninga frå Frekhaug sentrum til og med kryss mot Sagstad skule. Kollektivløysingar i planområdet vil òg verte vurdert. Planområdet er på ca.191 dekar og vil erstatte delar av gjeldande områdeplan ved Frekhaug sentrum.

Tiltaket er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan og bygningslova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiing.

Plangrensen til varsel om oppstart, varselbrev og liste med grunneigar/høyringsinstansar ligg som eige vedlegg. Planarbeidet skal i tillegg til permanente vegtiltak òg vurdera midlertidige arealbeslag i form av mellom anna rigg- og anleggsområde langsmed fylkesvegane i området. Plangrensa til dette oppstartsvarselet er difor ein del større enn venta tiltaksområde og vil verte redusert undervegs i planarbeidet. Dei permanente tiltaka i planområdet vil liggje i direkte tilknyting til dei eksisterande fylkesvegane.

Merknadsfrist er sett til 25. oktober 2017.

Eventuelle merknader eller opplysningar som bør leggjast til grunn for planlegginga, skal sendast til: Multiconsult Norge AS v/Christine R. Nilsen, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller på e-post: christine.nilsen@multiconsult.no.

Informasjon ligg òg ute på: http://www.meland.kommune.no/kunngjeringar

Spørsmål til oppstartsvarselet kan rettast til:

Multiconsult Norge AS v/ Christine R. Nilsen, tlf. 55 62 33 18

eller til

prosjekteigar Statens vegvesen sin representant Eva-Beate R. Torsvik på tlf. 55 51 67 19.