Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for skule og fleirbrukshall på Husnes, Kvinnherad kommune

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette meldt oppstart av arbeid med detaljregulering for ny barneskule og fleirbrukshall på Husnes i Kvinnherad kommune. Kvinnherad kommune er forslagsstillar, og Multiconsult er utførande konsulent.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for fleirbrukshall med tilhøyrande tilkomst og parkering, samt framtidig flytting av Undarheim Skule. Det aktuelle planområdet er på om lag 126 daa, og er ein del av områdereguleringsplan for skuleområde Husnes (vedteken 23.04.2015).

Røsslandsvegen er tilkomst for brukarar av Undarheim barneskule, Husnes ungdomsskule, diverse fotballbanar, Undarheim og Myrane barnehagar og helsetun med ambulansestasjon. Vegen har stor trafikk på utvalte tider av døgeret, noko som blant anna fører til redusert framkome for ambulanse. Som ein del av planarbeidet vil trafikkløysingane i området bli vurdert.

Det er gjennomført oppstartsmøte med Kvinnherad kommune 3.mai 2017.

Planområdet

Mogleg plassering av ny fleirbrukshall på Husnes vart vurdert og innarbeidd i områdereguleringa for Husnes skuleområde. Området K1 på nordsida av eksisterande kunstgrasbane er vurdert som den mest gunstige lokaliseringa av fleirbrukshall med parkering. På det same området skal det samstundes leggjast til rette for framtidig flytting av Undarheim Skule.

Planområdet omfattar område K1 i gjeldande områderegulering, samt tilkomstveg frå Opsangervegen (Røsslandsvegen) og tilkomstveg frå sør (SKV5 i gjeldande områderegulering). Ein har i tillegg teke med areal rundt Røsslandsvegen, for å sikra areal i samband med vurderingar av trafikkløysingane i området.

Gjeldande områdeplan føreset at område K2 skal detaljregulerast saman med område K1, samt at detaljplanen skal omfatta tilkomstveg SKV5. I utgangspunktet er det ønskjeleg å leggja til rette for at eksisterande tilkomstveg (Røsslandsvegen) skal nyttast til område K1, men SKV5 er likevel teke med i planområdet som eit ledd i vurderingane av trafikksituasjonen. Område K2 vert ikkje teke med i detaljreguleringa, då ein har vurdert K1 som mest gunstig plassering for fleirbrukshall og skule.

Planområdet kan verta innsnevra i den vidare planprosessen, avhengig av kva trafikale løysningar ein landar på.

Sjå vedlagt kart med planomriss. I det øvre høgre hjørna er planavgrensinga lagt oppå eksisterande områderegulering for å visa kva delar av denne ein no skal detaljregulera.

Vurdering av planarbeidet

Kvinnherad kommune vurderer at det ikkje er naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Bakgrunnen for dette er at detaljreguleringa er forankra i ei vedteken områderegulering, der ein har vurdert konsekvensar knytt til lokalisering av fleirbrukshall og flytting av skule.

 

Sjølv om det ikkje skal gjennomførast konsekvensutgreiing etter forskrifta, skal det gjerast ei grundig vurdering av konsekvensane. Dette omfattar blant anna følgjande tema:

Trafikk

  • Løysningar for trafikkavvikling
  • Parkering
  • Buss
  • Gangvegar

Natur

  • Viktige og utvalde naturtypar
  • Turstiar og grøntområde

Kulturminne og kulturmiljø

  • Kulturmiljø

Eksisterande infrastruktur

  • Leidningsnett
  • Eksisterande bustad-/ hytteeigedommar
  • Overvatn

ROS- analyse

Merknader

Merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult Norge AS
Kunnskapshuset
Sæ 132
5417 Stord
Att. Øyvind Skaar

Eller elektronisk til: oyvind.skaar@multiconsult.no

Frist for innsending av merknad: 29. september 2017 (4 veker)

Vidare saksgong

Etter at merknadsfristen er ute, vil Multiconsult utarbeide planframlegg som inneheld planomtale, plankart og føresegner. Planframlegget vil bli handsama av Kvinnherad kommune ved politisk utval som vedtek utlegging til offentleg ettersyn. Det vil då òg bli høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.